HILMARFESTIVALEN 2024: Uppdalpøb med Jan Erik Moe

Steinkjer

| 07/11/2024 - 07/11/2024

I år er det 100 år sidan Kristofer Uppdal gav ut Herdsla – den tiande boka i romansyklusen “Dansen gjennom skuggeheimen”. Dermed var ti-bindsverket sluttført. Fleire meiner at Kristofer Uppdal er den første verkelege arbeidardiktaren i Norge. Kristofer Uppdals venner markerer dette med fleire arrangement i 2024.

Uppdalpøb under Hilmarfestivalen er eit av desse.  Kristofer Uppdal er Steinkjer sin største forfattar.  Men Steinkjer har også ein av dei fremste norske musikarane som tolker arbeidermusikk -   Blues. Jan Erik Moe gir med sin stemme og sin gitar den amerikanske arbeidarens – etterkomarane etter slavane -  ein stemme som synes å vera like aktuell i dag som den var da den vart skapt.

Få med deg ei fin kveldsstund i Petit Famille! 

Arrangementet er eit samarbeid med Kristofer Uppdals Venner.  

 

Finn steder å bo og spise, samt aktiviteter i nærheten