15. Oct 2019

Farsdagsgaven til ein som har alt - ei ny oppleving!

Søndag 10. november er det farsdag, og det feirar Hilmarfestivalen saman med Egge Museum! Klokka 11.00 blir den tradisjonsrike Farsdagskaffeen på Fylkesmannsgården. Her er det gratis å komme inn, men du må sjølvsagt betale for kaffien.

Og til den som har alt: Kva passer betre enn ein gitarkonsert? Her møter vi noko av det beste Trøndelag kan by på i møte med det beste Malawi kan mønstre:

Den malawiske gitarvirtousen Faith Mussa har turnert over store deler av verda med si nytolking av tradisjonsmusikken frå landet sitt. Han er eit einmannsorkester som samplar musikken og spelar med seg sjølv i mange lag. Nokre møter seg sjølv i døra. Faith møter seg sjølv i musikken.

I tillegg kjem strengefantoma Jørgen Skogmo med teorbe – ein gitar frå barokken med tarmstrengar og møter Bendik Lund Haanshus med stålstrengar på gitar, barytongitar og cittern. Her får vi eit møte mellom klang, rytme og ornamentikk som utforskar møtet mellom stål og tarmar, mellom plekter og fingerneglar, mellom det klassiske og det folkemusikalske.

Repertoaret spennar mellom polsar og galoppar frå Drevja i Nordland, salmar med folketoneklang og trønderske «restar» til Vivaldi med ein twist.

Slik liker vi å avslutte Hilmarfestivalen: Gammel musikk på nye instrument: Møtet mellom det kjente og det ukjente, mellom verden og Trøndelag. For slik er identiteten vår i dag: Spennande, samansett og nyansert – noko gammelt, noko nytt,

For kva skal du vel gi ein far som har alt? Jo ei ny oppleving!